For å styrke teamet søker vi derfor etter ein kvalitetsbevisst HMS-ansvarleg som kan vere med å bidra til ein god HMS-kultur i organisasjonen. Du vil jobbe tett med øvre leiing, samt ha eit ansvar for operasjonell og strategisk HMS i selskapet.
Ein HMS-ansvarlig hos oss sine arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i hovudsak vere:
- Fremme og bidra til ein positiv HMS kultur saman med leverandørar, kundar og medarbeidarar
- Delta i, og utvikle, risikoanalyse prosessar
- Bidra til å identifisere HMS relatert risiko med oppfølging for å redusere fare
- Utarbeide og følge opp etablerte HMS planar
- Følge opp og delta i gransking av uønska hendingar
- Bidra i revisjon
- Bidra til erfaringsoverføring gjennom etablerte system og prosessar
- Avvikshandtering
- Rapportering knytt til ESG og TSM (Towards Sustainable Mining)
- Bistand til øvrig leiing med HMS relaterte spørsmål etter behov
Du treng ikkje checke alle boksane, men vi ser for oss at riktig kandidat har denne typen utdanning, erfaring og kvalifikasjonar:
- Bachelor eller master innan HMS-relatert fagområde
- Praksis innanfor teknisk og industriell produksjon er ønskeleg
- Kunnskap om ISO 9001 – 14001 – 45001
- Erfaring med industrivern er positivt
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- 3+ års erfaring er ønskeleg, men nyutdanna er velkommen til å søke
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, både skriftleg og muntleg
Arbeidstida er dagtid. Arbeidsstad er på Engebø i flotte nye kontor, laboratorie og produksjonslokaler.