Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
IT-rådgjevar Luster Sparebank | Luster Sparebank | Luster | Fulltid |
Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst. Banken har 28 tilsette og har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster kommune. Banken skal vere ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar i tråd med visjonen - "Saman når me måla dine!".
Banken samarbeider med sju andre norske sparebankar gjennom selskapet De Samarbeidande Sparebankar (DSS). Gjennom DSS får banken tilgang til eit større fagmiljø innan IT, i tillegg til felles innkjøpsavtalar og forvaltning av desse med ulike IT-leverandørar.
For å styrke banken sin kompetanse og satsing på teknologiområdet søkjer me no etter ein IT-rådgjevar. Som IT-rådgjevar vil du bli involvert i arbeidsprosessar på tvers av organisasjonen, både ved å yte intern støtte og ved å bistå i å effektivisere arbeidsprosessar ved å ta i bruk ny teknologi og utvikle digitale verktøy.
Stillinga vil omfatte administrasjon, utvikling og støtte av både programvare og maskinvare. Kva rolle, ansvar og arbeidsoppgåver du får vil kunne tilpassast etter kva erfaring og kompetanse du har.
Aktuelle arbeidsoppgåver
Ynskjelege kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein nysgjerrig og initiativrik person med god digital og forretningsmessig forståing. Du er løysingsorientert og god til å kommunisere, og har i tillegg ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede. Evne til å arbeide både sjølvstendig og til å samarbeide med andre for å nå felles mål. Du må vere interessert i og flink til å tileigne deg ny kompetanse.
Me kan tilby