Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Konsulent økonomisk kriminalitet | SpareBank 1 Sogn og Fjordane | Sunnfjord | Fulltid |
Stillinga vil bli tilpassa til aktuell søkar. Du vil vere ein del av avdelinga for økonomisk kriminalitet, som høyrer til under avdeling for Forretningsstøtte. Denne stillinga vil arbeide tett i samspel med kundesenter, privatmarknad og bedriftsmarknad, samt banken sine andre fagavdelingar. Stillinga vil ha hovudfokus på å førebyggje, avdekke, og avgrense svindel.
Svindelmetodar endrar seg stadig og blir meir komplekse. Vi ser etter deg som evnar å sjå, forstå og analyser ulike indikatorar innan svindel. Vi ser etter deg som har interesse for og erfaring frå arbeid med nedkjemping av økonomisk kriminalitet og svindel. Du er utviklings- og løysingsorientert og du trivast med å løyse komplekse problemstillingar i lag med eit kompetent team.
Arbeidsstad: Førde, fleksibel heimekontorløysing
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Dersom dette høyrest interessant ut, eller du har spørsmål til stillinga, ta kontakt med fagansvarleg HR, Lillian Loen, tlf. 905 70 484. Vi gler oss til å høyre frå deg!