Rekneskapsførar Bilde

Spennande stilling på Sandane

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rekneskapsførar Convene Gloppen Fulltid

Convene Group er i ei spennande vekstfase og vi søker deg som vil vere med å vidareutvikle rekneskaps- og lønnsfunksjonen saman med oss. I tillegg til å ha ansvar for reknekapsføring fra A til Å, vil du samarbeide tett med lønnsavdelinga. I denne rolla vert du en nøkkelressurs i arbeidet med utvikling og optimalisering av system og prosesser innan fagfeltet. Du blir en del av ei kompetent økonomiavdeling som samarbeider tett, både internt i teamet og med konsernet eller. Vi har eit kjekt og uformelt arbeidsmiljø, kort veg til avgjerder og gode faglege utviklingsmoglegheiter.

Du har gjerne ei bachelorgrad innen økonomifeltet, men verken dette eller autorisasjon som rekneskapsførar er et absolutt krav - erfaring med rekneskap/lønn, samt Visma eller tilsvarende lønns- og rekneskapsystem kan kompensere for manglande formalkompetanse. Du vektlegg kvalitet i detaljene, men har samtidig sterke analytiske eigenskaper og evne til å løfte blikket og sjå totaliteten i økonomiavdelinga sine leveransar.

Om du kjenner deg att i dette, håpar vi du tek kontakt enten via søknadsskjema eller for en uformell prat. Vi gledar oss til å høyre fra deg.

Convene Kulturbilde