Røyrleggar Bilde

Klar for ein variert røyrleggarjobb?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Røyrleggar HAFS Elektro Gulen, Masfjorden Fulltid
HAFS Elektro Logo

HAFS Elektro

Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Arild Wergeland
97 72 76 23

Søknadsfrist

11. mai 2025

HAFS Elektro & Rør AS er ein lokal leverandør med eit breitt tilbod av elektro- og røyrleggartenester. Vi har oppdrag på alt frå skipsverft og akvakultur til hytter, bustader, landbrukseigedom og kommunal infrastruktur. Hos oss er ingen dagar like, men vi leverer alltid pålitelege, framtidsretta og konkurransedyktige løysingar. Bedrifta held til i Ytre Sogn med avdelingar i Gulen, Solund og Hyllestad.

No ser vi etter ein røyrleggar til basen vår i Brekke i Gulen, som kan bidra til at verksemda styrkar seg inn i framtida.

Som røyrleggar i HAFS Elektro & Rør AS får du i oppgåve å ivareta eksisterande og nye kundar. Vi har stort spenn i oppdrag, noko som betyr at du får ein variert arbeidsdag og spennande oppgåver. 

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga inneber alt av tradisjonelt røyrleggararbeid: Frå enkle serviceoppdrag til større prosjekt innan fagområda sanitær, varme- og kuldeinstallasjonar og vassforsynings- og avløpsanlegg.
  • Nyinstallasjon og service i bustader, hytter, kommunale bygg, industri og mykje anna.
  • Oppdrag for maritime næringar

Vi i HAFS Elektro & Rør AS jobbar litt overalt. Det vil seie at du får køyra rundt i vakker vestlandsnatur i eigen yrkesbil og jobbe på mange ulike stader.

Med ein variert arbeidskvardag og ulike typar oppdrag, vil du oppleve meistring og fagleg utvikling kvar einaste dag.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med sveinebrev som røyrleggar, men om du har erfaring frå andre byggtekniske fag og ønske om å ta sveinebrev som røyrleggar, blir du oppmoda om å søke.
  • Erfaring frå væske-til-vatn varmepumpe er eit stort pluss.
  • Førarkort klasse B.
  • Meistrar norsk muntleg og skriftleg.
  • Har gode haldningar til HMS, kvalitet og ytre miljø.
  • Har noko IT – kunnskap.
  • ADK – sertifikat er ein fordel, men ikkje eit krav.

Kven er du?

Vi ser etter ein person som trivst med varierte dagar, er serviceinnstilt og kan jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaene. Du kommuniserer godt med kunden og finn gode løysingar på ulike oppdrag og problem du møter på.

Bli med på laget!

I HAFS Elektro & Rør AS legg vi til rette for at du skal trivast med både arbeidsoppgåvene og kollegaene dine. Vi er opptatt av å gi deg friheit til å løyse ulike problem du møter på, samtidig som vi har låg terskel for å spørje om hjelp. Med 45 tilsette har vi brei og allsidig kompetanse, og du kan alltid ringe ein kollega om du har ei utfordring. Om du ønsker å utvikle deg, har vi gode ordningar for vidareutdanning. Med eigen yrkesbil og stort nedslagsfelt er det ikkje nødvendig å bu i Brekke for å jobbe hos oss. For søkjarar som ikkje bur i dagpendlaravstand kan rotasjonsordning vera aktuelt.

Vil du vere med på laget? Send ein søknad til post@hafs-elektro.no

Bu midt i eit friluftseldorado!

Brekke ligg i Gulen kommune idyllisk plassert ytst i Sognefjorden. I Gulen bur du midt i eit friluftseldorado. Her kan du vandre i fjæresteinane med havutsikt, gå på vardetur langs kysten, padle både innaskjers og i meir utfordrande farlei, fiske, dykke, nyte båtlivet eller delta på sommarens store høgdepunkt: Utkantfestivalen på Skjerjehamn. Knappe 90 minutt unna med bil finn du bylivet i Bergen sørover, eller Førde nordover.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i HAFS? Bli kjent med oss her:

– Vi blir jo sett på som trollmenn.

Tage og Hans Petter er ikkje i tvil om at jobben dei gjer betyr noko.

Les meir

Øystein får betalt medan han utdannar seg.

Hos HAFS Elektro og Rør får dei tilsette ein ganske unik sjanse: å utdanne seg vidare medan dei jobbar – med full løn og dekka utgifter.

Les meir

Stoltheit i kvart prosjekt

Steffen får ei ekstra god kjensle når prosjekta nærmar seg slutten og alt fungerer som det skal.

Les Jobbintervjuet.

Ribba kokte, men det gjorde sikringsskapet óg

– Her i HAFS Elektro og Rør får ein prøvd seg på litt av kvart, og det gjer arbeidsdagen spennande, seier Per Egil.

Les meir