Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Økonomisk kriminalitet | SpareBank 1 Sogn og Fjordane | Sunnfjord | Trainee |
Du søker traineestilling hos SpareBank 1 Sogn og Fjordane, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Synest du det høyrast spennande ut å avdekke og forebygge økonomisk kriminalitet? Då kan du være rett person for oss!
Som trainee på avdeling for økonomisk kriminalitet vil du ha eit tverrfagleg samspel med kundesida og andre fagavdelingar i banken. Stillinga vil ha hovudfokus på å halde seg oppdatert på kompetansekrav på området, undersøking og rapportering, samt sikre fagleg kunnskap og gode prosessar på kundesida i banken.
Vi ser etter deg som har relevant høgare utdanning innanfor økonomi, jus, informatikk, matematikk, statistikk eller liknande. Økonomisk kriminalitet endrar stadig form, og problemstillingane blir meir komplekse. Vi ser difor etter deg som evnar å sjå, forstå og analysere ulike indikatorar innanfor området. Du er utviklings- og løysningsorientert og du trivast med å løyse aktuelle problemstillingar i lag med eit kompetent team. God IT-kunnskap, gode kommunikasjonsevner, samt interesse for fagområdet er ein klar fordel. Det å være strukturert og ha god gjennomføringsevne er ønska eigenskapar.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna bestå av å analysere og gjere risikovurderingar knytt til økonomisk kriminalitet, rettleie og rådgje andre avdelingar i banken, oppdatere retningslinjer ut frå nye krav og forventingar og bidra i utvikling av prosessar og system.
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein framtidsretta bank på veg inn i eit spennande banksamarbeid. Hos oss får du ta del i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt imot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lykkast og der er rom for å være seg sjølv. Vi prioriterer det sosiale høgt med årlege samlingar, ulike velferdstilbod og sosiale arrangement.
Hos oss i Sparebanken Sogn og Fjordane kan du kickstarte di karriere i finansverda. Send inn ein søknad og bli en del av vårt team medan du lærer, veks og skapar ei spennande framtid for både deg sjølv og banken vår. Har du fleire spørsmål, ta gjerne kontakt med leiar for økonomisk kriminalitet, Ole Martin Eide på tlf. 99 44 30 92.
Vi håpar du tar sjansen på oss!
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på over 73 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.