Trine Hjellaug Lerum

Arbeidsliv

Det handlar om mykje meir enn lønn

Vi veit det godt alle. Det vert stor konkurranse om å få tak i dei rette folka i framtida, skriv administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.

Vi vert stadig fleire eldre i landet, og det vert derfor færre å ta av. Så kva skal til for å vinne kampen om den beste arbeidskrafta?

Det handlar om mykje meir enn lønn. Det er stor skilnad på dagens jobbsøkarar og dei som søkte for 10-15 år sidan. Den nye generasjonen medarbeidarar er dyktige på å arbeide i prosjekt og meir vande til samarbeid, gode på kommunikasjon, presentasjon og er svært språkkyndige, sterke på bruk av IT verktøy og bevisste på balanse mellom jobb og fritid.

I tillegg stiller dei langt større krav til arbeidsgivar enn tidlegare. Dei er opptekne av kva omdøme bedrifta har og korleis bedrifta tek samfunnsansvar. Dei vil ha ein jobb der dei kan medverke og der dei har moglegheit til sjølvstendig initiativ. Dei er opptekne av kva velferdsordningar og karrieremoglegheiter som finst og om det er moglegheit for internasjonal erfaring. Men, mest av alt, er dei kanskje opptekne av å høyre til i ein kultur som gjer dei stolt.

I Lerum har vi til no ikkje hatt dei store utfordringane med å rekruttere. Det har vore mange søkarar til dei ledige jobbane. Faktisk er det slik at ved inngangen til dette året hadde 43 % av arbeidsstokken vår vore tilsett i meir enn 20 år. Vi er ikkje, og kjem aldri til å bli, lønnsleiande. Så kva har vore viktige element i vårt arbeid?

Lerum saftfabrikk gruppebilde

Tydeleg strategisk retning

Kvar skal vi og kva er målet? Vi trur det er viktig å vere tydeleg på kven vi er og kva vi skal. Det skapar tryggheit. For dei neste åra har vi kalla strategien vår «Ta vare på framtida – lønsam forretning på ein ansvarleg måte».

Sterk merkevare og identitet

Vi har ei sterk merkevare i heile Norge. Vi har også ein sterk identitet som ei familieeigd bedrift i 115 år frå Sogn, det skapar stoltheit. Det er ikkje familien Lerum og dei tilsette. Eigarar og tilsette i Lerum er ein stor familie.

Kultur

Vi har definert ein visjon, eit verdigrunnlag og ein leiarfilosofi. I tillegg har vi definert kva berekraft betyr for oss. Alt vi gjer skal gjenspeglast i dette. Vi snakkar om å gjere kvarandre gode. Det har vi snakka om sidan år 2000. Det tek tid å bygge kultur. Les meir om leiarfilosofien her.

Kulturen må ligge i veggane og i ryggmargsrefleksen. «Slik gjer vi det her». Dette punktet er svært viktig å snakke om i jobbintervjuet. Så om du har lyst å jobbe i Lerum, må du vere ekte, stolt, ærleg og engasjert. Du må ville gjere andre gode og du må bidra til å ta vare på naturen, foredlinga, ernæringa, menneske og lokalsamfunnet.

Fleksibilitet 

Vi er tydelege på at alle som jobbar i Lerum har ei viktig rolle, uansett tittel. Vi prøver så godt vi kan å vere fleksible. Det er lettare i administrative stillingar enn på produksjonslinjene, men vi strekk oss langt om ein tilsett treng fleksibilitet for å få familieliv og kvardag til å gå opp. Det handlar om å gi og ta.

Velferdsordningar

Når vi ikkje er lønnsleiande, prøver vi å krydre med andre velferdsordningar. Vi har ei god pensjons- og forsikringsordning. Vi har gode ordningar for sjukepengar og permisjonar, vi har gunstige tilsettkjøp, subsidiert kantine og vi har refusjon av behandlingar i samband med helseutfordringar. I tillegg betalar vi ut bonus i gode år.

For – det handlar om mykje meir enn lønn – fordi: 

Arbeidsglede oppstår ikkje av lønn, titlar og frynsegode – det kjem av to ting;

Resultat
å gjere eit godt stykke arbeid som du kan vere stolt av

Det sosiale
å ha det godt med dei menneska du arbeidar saman med.

Lukke til!

Trine Lerum Hjellhaug
Administrerande direktør,
Lerum AS

Fleire saker