Under studiane dagdrøymde Celine om å jobbe med det ho elskar: naturopplevingar. I dag er ho dagleg leiar i Trolltunga Adventures.
Sjølv om utdanninga tilseier det, er det ikkje alle som vil sette seg bak ein PC når dei skal ut i arbeidslivet. Då bergensaren Celine Jessen skreiv bacheloroppgåve på Markedshøyskolen (no Høyskolen Kristiania) om ulykkesforebygging på Trolltunga, var det éin tanke som stod i hovudet hennar:
– Tenk å få jobbe der som guide!
Celine var ikkje så lysten på ein kontorjobb. Ho drøymde om å jobbe ute i naturen, helst med andre menneske. Etter fullført bachelor sendte ho like godt ein søknad till Trolltunga Active og spurte om dei trengte hjelp.
– Og det gjorde dei, gliser ho.
Celine fann fort ut at ho digga å gi folk frå heile verda ei unik oppleving i naturen. Det som starta som eit fire månadar langt engasjement, skulle gå over til noko meir varig.
– Vennene i Bergen rista på hovudet og tenkte at eg snart var på veg heimatt.
"Vennene i Bergen rista på hovudet og tenkte at eg snart var på veg heimatt."
I fleire år sjonglerte Celine jobb som guide på Trolltunga, jobb i Bergen utanom sesong og pendling mellom dei to byane. Det var aldri planen å slå seg ned i Odda, men det var noko med plassen, naturen og folka som gjorde at ho ikkje klarte å gi slepp.
– Eg elskar fjella i Ullensvang! Om vinteren kjem dei litt vel tett på, og då hender det at eg saknar lyset i Bergen, men elles tenker eg at eg bur midt i eit friluftseldorado. Her har vi flust i fine fjellturar, vakre kajakkopplevingar på Hardangerfjorden, magiske skiløyper og alt du kan ønske deg om du likar å vere ute, seier ho entusiastisk.
– Og så er det kort veg til Rosendal, Voss, Haugesund og Bergen. Sentralt på sin måte.
Celine takka difor ja då ho fekk tilbod om ei toårig prosjektstilling i Aktive Odda i 2020, og eit rungande ja då ho i 2022 vart headhunta til fast stilling i Trolltunga Adventures.
Destinasjonsselskapet tilbyr skreddarsydde dags- og overnattingsturar, og har dei siste åra utvida tilbodet sitt med kajakkturar, sidersmaking, sauna og skiturar – alt som Celine er glad i.
– Eg starta i bedrifta som sals-og marknadssjef, men gikk etter kvart over i rolla som dagleg leiar. Det har vore ei fantastisk reise frå første dag. Særleg med tanke på at vi har satsa og utvikla oss veldig siste åra.
Men stopp ein halv, dagleg leiar? Betyr ikkje det å jobbe bak ein PC?
– Hehe. Jo, det er ei administrativ stilling, men vi er mange poteter i Trolltunga Adventures. Det betyr at vi får jobbe med alt frå guiding til forretningsutvikling. I år er faktisk første sesongen eg ikkje har vore med på overnattingstur.
Tempoet har vore høgt i ein ekstremt travel sesong med 2000 bestillingar.
– Det er klart eg saknar å vere ute i felten, men det er spennande å vere med og utvikle produktet vårt også. Eg likar den gründerbiten der eg får vere med og skape noko nytt.
På spørsmål om kva som gir ho mest i jobben, er det reaksjonen til gjestane som er sjølve gulrota.
– Kundane våre ser etter eit eventyr og ønsker ei unik oppleving i norsk natur. Når vi klarar å gi dei dette, og endå litt til, får vi fornøgde gjestar. Og det er det beste vi veit, smiler Celine, som seier dei er opptatt av å levere kvalitet i alle ledd.
– Vi er heldige som får jobbe med ikonet Trolltunga. Når gjestane oppdagar at heile ruta er vakker, blir det ein bonus for dei.
Overnattingsturane til Trolltunga Adventures er superpopulære. Mange ønsker å vakne til denne utsikta.
I sommar realiserte Trolltunga Adventures ideen om Trolltunga HUB og Brannstasjonen kafé: kaffi, bakst, sportsbutikk, utleige av utstyr og samlingsstad– eit tilskot til den allereie etablerte Trolltunga-opplevinga i Tyssedal, der turen startar.
– Er det éin ting eg har sakna i Odda og området rundt, er det fleire samlingsstadar. Då er det ekstra kjekt å få vere med og tilby eit nytt tilbod.
Ho skryt av lokalbefolkninga når det kjem til å skape noko nytt:
– Der har du heiagjeng! Det er lettare å satse på nye produkt når du blir muntra opp av lokalbefolkninga. Og så er det litt lettare å ringe ordføraren her enn i Bergen, ler ho.
For å verkeleg markere at ho blir, har Celine og sambuaren kjøpt hus i Odda. Fire månadar har blitt til åtte år.
– Jobben er gøy, vennekretsen stor og fritida fylt med naturopplevingar. Dei vennane i Bergen som lo av meg då eg flytta til «eit lite høl med industri», dei kjem no på besøk. Dei synest det er kjempefint her og blir gjerne med på tur, smiler Celine!
Ta del i det aktive livet til Celine på Instagram: @celinejessen