Folka 2024

Nyheiter

FOLKA – alle folka

Tårer, latter og aha-opplevingar. FOLKA 2024 viste korleis mangfald og inkludering kan skape konkurransefortrinn og betre arbeidsmiljø.

Til å leie konferansen fekk vi med oss ei av dei viktigaste stemmene innan mangfald og inkludering, Kimiya Sajjadi. Frå den engasjerte konferansieren var bodskapet klart:

Det er viktigare enn nokon gong å inkludere ulike stemmer i arbeidslivet. Det handlar ikkje berre om å gi fleire sjansar, men også om å erkjenne og verdsetje erfaringane og ressursane til dei som ofte blir oversett.

"Å føle at det er behov for deg er avgjerande"

Jan Roger Grytten

Utfordrande reiser mot jobb

Klokka hadde knapt bikka ti før tårene trilla på fleire i salen. Dagen starta med tre sterke historier:

  • Ørjan Hjellhaug fortalte om si tøffe reise inn i arbeidslivet som alkoholikar. For han vart jobben og anerkjenninga frå kollegaene i Sogndal fotball livsviktig. Ørjans historie illustrerer kor viktig det er å ha eit inkluderande arbeidsmiljø der folk kan vere seg sjølv og få hjelp til å overvinne personlege utfordringar.
  • Salih Burma i Norec fortalte om korleis namnet hans hindra han i å få jobb i mange år, til tross for solid utdanning og erfaring. Hans erfaring er ei påminning om at det finst gullgruver av kompetanse blant menneske med ulike bakgrunnar.
  • Jan Roger Grytten gjekk frå å føle seg isolert og verdilaus, til å finne ei ny retning gjennom jobb. Med hjelp frå NAV og arbeidsgivaren Comfort Hotel Victoria Florø, har han klart å bygge opp sjølvtilliten igjen. Jan Roger poengterer at det er avgjerande for både arbeidstakar og arbeidsgivar å legge til rette for inkludering og sjå verdien i alle, spesielt dei som kjem frå sårbare situasjonar.
Tor Andreas Bremnes

Tor Andreas Bremnes er dagleg leiar i InClue og oppfordra oss til å etterspør personlege eigenskaper om vi meiner alvor med mangfald.

Store ressursar i menneske med funksjonsnedsetting

Tor Andreas Bremnes kallar seg sjølv «representasjonens draum» og fekk salen til å dra på smilebandet fleire gonger. Som skeiv funkis (hans eigne ord) har han sjølv opplevd å stå utanfor arbeidslivet. Tor Andreas poengterte at personar med funksjonsnedsetting har enormt med erfaring i problemløysing – sjølv har han løyst små og store problem sidan han var pitte liten – og er såleis ein stor ressurs i arbeidslivet. Forsking viser at diskriminering framleis eksisterer, og vi har såleis ein veg å gå i å utnytte kompetansen som ligg i mangfaldet av søkjarar.

Jobbsjokket

Jobbsjokket: Gi unge, nytilsette ei realistisk innføring i korleis organisasjonen ser ut.

Utfordringar for unge tilsette

Det er viktig å vere merksam på dei utfordringane unge tilsette møter i arbeidslivet. Maria Løberg og Stine Vintervoll har skrive boka «Jobbsjokket» og reiste spørsmål ved korleis vi kan leie unge inn i ein kompleks kvardag. Mange unge føler seg usikre og opplever krevjande psykisk press i starten av arbeidslivet. Dette understrekar viktigheita av å bygge eit støttande nettverk rundt unge. For å møte desse utfordringane, såg dei fire behov:

  • Tryggheit
  • Organisasjonsforståelse
  • Balanse mellom personlege ressursar og jobbkrav
  • Forutsigbarheit.

Å gi tid til å sjekke inn med dei unge, samt å skape rom for dialog om utfordringar, er essensielt. Fadderordningar kan også bidra til at nye tilsette får ein betre forståelse av korleis bedrifta fungerer og kan føle seg mindre isolerte.

"Bruk tida på å formidle eit godt arbeidsmiljø"

Randstad

Framtidige moglegheiter

I ei tid der arbeidsmarknaden stadig endrar seg, er det viktig å handle proaktivt for å tiltrekke seg dyktige kandidatar. Det er mykje å hente på å jobbe med employer branding og å skape eit arbeidsmiljø som er inkluderande og legg vekt på mangfald, sa administrerande direktør for Randstad, Eivind Bøe. Han presenterte rykande ferske tal frå verdas største arbeidsundersøking. Dette er viktige drivarar ved val av arbeidsgivar:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn
  • God leiing
  • Opplæring og utvikling
  • Jobb/fritid-balanse

Eivind sitt beste tips var difor å jobbe meir med employer branding og arbeidsmiljøet.

Psykolog Berge

Psykolog Berge lærte oss å bygge mentale musklar og engasjerte heile salen.

Psykologtimen

Til å runde av konferanse, trengte vi alle ein psykologtime. Jan Martin Berge er psykologspesialist og gav oss gode råd om korleis vi kunne halde oss innanfor toleransevindauget på jobb. Han understreka at vi alle har stein i skoen, og kor viktig det er å kjenne at ein høyrer til på arbeidsplassen og forstår meininga med jobben ein gjer. Han sendte oss gjennom ei emosjonell berg- og dalbane, og hausta både latter, alvor og tårer på slutten av dagen.

FOLKA 2024

Folka – alle folka– er framleis viktigast, er konklusjonen etter rekrutteringskonferansen.

Konklusjon

Gjennom dagen vart det tydelegare at det ligg eit stort potensial i å sjå menneske for kva dei er, ikkje berre for kva papira deira seier. Det er livsviktig å bygge eit arbeidsliv der folk kan kjenne seg trygge og verdsette. I ei tid der velferdsstaten er avhengig av ei brei samansetjing av arbeidstakarar, er det gull å finne i mangfaldet av stemmer og erfaringar. Ekte historier minner oss på at ved å inkludere alle, kan vi skape eit betre arbeidsliv.

Og frå arrangør og dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland,fekk vi desse last famous words:

«De som er her i dag er best stilt og har det beste utgangspunktet for å rekruttere og lukkast framover.»

Vi sjåast på FOLKA 2025!

Vi fekk også servert gode råd frå den lokale verktøykassa ved Framtidsfylket traineeprogram, Bedriftsidretten Vestland og Nordfjordkompaniet. Sindre Kvalheim presenterte kva som kjenneteiknar styrer som lukkast og Katharine Gude frå Smart bemanning viste oss korleis vi kunne utnytte teknologien og KI ved rekruttering. Ein panelsamtale med Nor Tekstil, Enivest og Tide gav oss eksempel på rekruttering med suksess.

Fleire saker