Framtidsfylket

Framtidsfylket oppmodar alle bedriftsleiarar i Vestland om å ta del i årets sommarjobbkampanje.

Arbeidsliv

Skal hjelpe tusenvis av unge ut i sommarjobb

I sommar skal fleire tusen ungdomar i Vestland få sjansen til å skaffe seg arbeidserfaring gjennom kampanjen Sommarjobb i Vest.

– Å legge til rette for at ungdom får prøve seg i arbeidslivet tidleg er heilt avgjerande for framtidig rekruttering. Bedrifter som tek inn sommarvikarar opplever ofte at dei kjem tilbake som jobbsøkarar når dei er klare for fast jobb. For oss i distrikta er dette spesielt viktig, når unge i stor grad må ut for å studere, seier Kine Vikse, rådgjevar i Framtidsfylket.

Målet med kampanjen er å synleggjere kva jobbar Vestland har å by på, sikre tidleg tilknyting til arbeidslivet og førebyggje utanforskap. For ungdomane kan ein sommarjobb bli verdifull erfaring og ein døropnar for vidare utdanning og jobb.

– At ungdom får prøve seg i arbeidslivet tidleg er heilt avgjerande for framtidig rekruttering.

Kine Vikse

Kine Vikse, rådgjevar i Framtidsfylket.

På oppdrag frå Vestland Fylkeskommune, NHO Vestland og NAV Vestland skal Framtidsfylket drive sommarjobbkampanjen. Frå kontoret sitt i Odda skal Kine Vikse i lag med sine kollegaer i Sunnfjord og Nordfjord, oppmode bedriftsleiarar i heile Vestland til å satse på ungdomen denne sommaren.

– Dette ligg midt i kjernen av det vi i Framtidsfylket jobbar med til dagleg, så vi er veldig glade for å få oppdraget med å drive årets Sommarjobb i Vest-kampanje, seier ho.

Tiltak for å koble ungdom med arbeidslivet

For å sikre at fleire unge finn relevante sommarjobbar, vert fleire tiltak sett i verk:

  • Sommarjobbivest.no  – ein nettstad med full oversikt over ledige sommarjobbar i Vestland.
  • Sosiale media-kampanje – for å nå ungdom der dei er mest aktive.
  • Kontaktflater på vidaregåande skular – informasjonsskjermar, rådgjevarar og utekontaktar.
  • Tett samarbeid med bedrifter – for å få fleire sommarjobbar registrerte i oversikta og synlege for ungdomen.

– Ved å synleggjere kva arbeidslivet i Vestland kan by på håpar vi at fleire unge vel å bli, busette seg og utvikle seg her, seier Vikse. 

Ei viktig satsing for Vestlandet

Ifølge Perspektivmeldinga vil ikkje utfordringane med å få tak i arbeidskraft bli mindre i åra framover. Dei siste årane har det vore ein nedgang i talet bedrifter som tilset sommervikarar.  Samtidig veit vi at 7000 ungdomar i Vestland står utanfor utdanning og arbeidsliv.

Å hjelpe fleire unge inn i arbeidslivet tidleg er derfor svært viktig.

Sommarjobb i vest

Ta del i sommarjobbkampanjen ved å lyse ut ein sommarjobb i Vestland.

Bli med på Sommarjobb i Vest-kampanjen!

For verksemda di er det mange gode grunnar til å ta inn ein sommarvikar. Du bidreg til å gi unge verdifull erfaring, du får fersk kompetanse inn i bedrifta di, og du kan oppdage talent som blir viktige for bedrifta og for bransjen i framtida.

For verksemder som ønskjer å delta i Sommarjobb i Vest-kampanjen, er prosessen enkel og heilt gratis:

  • Lag ei attraktiv stillingsutlysing og publiser den på arbeidsplassen.nav.no med arbeidsstad Vestland fylke
  • Legg til emneknaggane #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest nedst i stillingsteksten. Då blir jobben automatisk overført til sommarjobbivest.no og kampanjen.

Sommarjobb i Vest-kampanjen er støtta av Fana Sparebank, Sparebanken Vest og Sparebank1 Sogn og Fjordane.

Spørsmål eller innspel?

Kontakt oss!

Fleire saker