Cara Normatic

Jobben som serviceteknikar tek Cara Emilie mykje ut på reise, men ho får óg jobbe med lokale anlegg. Her på Nordfjordeid Vassverk.

Nyheiter

Cara Emilie sikrar kritisk infrastruktur

Når anlegg havarerer langt inne i fjellet, må ho jobbe blindt for å få alt opp igjen.

I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.

Namn: Cara Emilie Rørstad Strand
Utdanning: Fagbrev som automatiker
Yrke og arbeidsgivar: Serviceteknikar for VA-avdelinga hos Normatic AS på Nordfjordeid

Kan du skildre ein 10/10 arbeidsdag?

Ein 10/10 arbeidsdag må vere når eg har god oversikt og kontroll over sakene eg utfører for kundane. Gjerne også med nokre solstrålar, då det blir mykje inn og ut av stasjonar i løpet av ein dag.

Kva betyr kollegaene for trivselen din?

Gode og blide kollegaer er avgjerande for å gi god energi inn i lange arbeidsdagar.

Stillinga eg er i no, består mykje av å reise rundt aleine. Då er det ekstra viktig med samlingar på jobben for å bli godt kjent med dei eg pratar med på telefon. Som regel blir det også alltid en ekstra 5-minutters prat før eg kjem meg av gårde!

Cara Normatic

Kor tid er du stolt av yrket ditt?

Det er kanskje ikkje noko eg tenker over så mykje, men eg blir kanskje litt ekstra glad når alt fungerer som det skal når eg er ferdig med oppdraget eg er på.

Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?

Det har eg ikkje tenkt så mykje på, sidan automasjonsfaget er så bredt og her er så mykje ulike moglegheiter. Kanskje lærar eller noko der du jobbar meir med menneske?

cara normatic
cara normatic

Stasjonane og anlegga Cara Emilie jobbar med er plassert på mange ulike lokasjonar til og med på fjell, eller langt inne i fjell.

Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:

Variert, spennande og unike moglegheiter.

Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?

Eg trur det er viktig å finne ein balanse der du klarar å kople deg heilt av når du har fri. Slik at fokuset er på plass igjen når du er på jobb.

Sjølv jobbar eg turnus, som kan gi en god balanse til å kople ut i ein elles hektisk kvardag.

Kva rolle tar du i eit møte?

Det er veldig forskjellig frå tema til tema, men eg observerer kanskje oftast, slik at eg får sett meg inn i kva som blir sagt.

Om du skulle overtale nokon til å søke jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?

Eg ville sagt at her er det mange moglegheiter for kven som helst. Det er viktig å vere litt frampå og for eksempel oppsøke bedrifter som verkar interessante.

Cara Normatic

Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg trua på?

Det er nok veldig mange eg kunne nemnt, men eg slår eit slag for LA-senteret og alle moglegheitene dei legg opp til for alle.

Fortel om det mest spennande du jobbar med akkurat no?

Akkurat no har eg vore på ein stasjon eit godt stykke opp i fjellet utan dekning og bygd om etter havari. Både spennande og krevjande å skulle jobbe blindt, men veldig kjekt å sjå at anlegget kjem opp igjen! Elles er det spennande å sjå stasjonar som er plassert over alt, både på fjellet, men også langt inn i fjell!

Sju superkjappe:

Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid? Praktisk arbeid.

Jobbe inne eller jobbe ute? Inne, gjerne ute om sola står på.

Matpakke eller kjøpe lunsj? Matpakke.

Ferie eller kvardag? Ferie og reise.

Kreativt arbeid eller rutinearbeid? Ja takk, begge deler.

Starte tidleg eller gå heim seint? Starte tidleg.

Leie eller bli leia? Bli leia.

Cara Normatic

Fleire saker