Korleis kan vi hjelpe unge ut i arbeidslivet? NAV Nordhordland har funne løysingar som fungerer, og fortel kvifor du bør tilby ungdomen ein jobb.
– Mange unge ønsker å jobbe, men veit ikkje kvar dei skal starte. Korleis får eg kontakt med arbeidsgivarar? Korleis skriv eg ein god søknad, eller set opp ein CV? Der kan vi kome inn og hjelpe til.
Det fortel Ane Bysheim, prosjektleiar for Jobbmot kompetansesenter for ungdom og arbeid i NAV Nordhordland. Jobbmot hjelper ungdom mellom 15-25 år i Nordhordland med å finne ein jobb, eller finne ut kva dei vil bli. Dette gir ikkje berre ungdomen verdifull erfaring, men styrkar òg det lokale næringslivet.
Å tilby tidleg jobberfaring gir ungdom viktig erfaring, og kan styrke lokale bedrifter på både kort og lang sikt.
Sidan oppstart i mai 2022 har dei vore i kontakt med over 250 ungdomar. Ei av hovudutfordringane dei ser blant dei unge, er at mange manglar eit arbeidslivsretta nettverk.
– Foreldre spelar ofte ei avgjerande rolle i å skaffe deltids- og sommarjobbar for sine barn, fortel Bysheim, og fortset:
– Ungdomar som ikkje har eit slikt nettverk, grunna til dømes at dei nett er flytta til plassen, at foreldrene ikkje har jobb lokalt, eller har jobbar der ein ikkje kan tilsette ungdom – eller rett og slett ikkje har jobb eller nettverk – hamnar ofte bak i køen. Då gjeld det å vise kven andre som kan vere nettverk, eller korleis ein kan byggje sitt eige nettverk, forklarer ho.
Ein rapport frå SSB viser at ungdom som har hatt ein sommarjobb eller deltidsjobb tener nesten 100 000 kroner meir i året som vaksne, samanlikna med dei som ikkje hadde det.
– Det viser kor viktig det er å få ein sommarjobb eller deltidsjobb. Det er synd at det for mange er ei utfordring, når vi veit at det ikkje manglar på vilja til å jobbe, understrekar Bysheim.
Eit av tiltaka i prosjektet er Læring i næring, som er eit samarbeid med næringslaget i fylket. Her får ungdom allereie i 10. klasse opplæring i å søke jobbar, lese og forstå stillingsannonsar og skrive sine første søknadar. Programmet gir også høve til å få arbeidserfaring i haust- og vinterferiar, noko som gjer det lettare å få sommarjobb seinare.
– Jobberfaring på CV-en er viktig, men kanskje minst like viktig er ein referanseperson som kan seie noko om korleis ungdommen er på jobb. Dette er det verkelege gullet i prosjektet, fordi det er dette som gir ungdommen den neste jobben, seier Bysheim.
Både ungdomane og arbeidsgivarane er svært nøgde med programmet:
Her kan du lese om Trym (16) som er på jobb i ferien
Mange arbeidsgivarar er positive til å ta inn unge arbeidstakarar, men nokre vegrar seg. Jobbmot sitt samarbeid med lokale bedrifter har vist at med rett støtte, blir enda fleire arbeidsgivarar villige til å gi ungdommar ein sjanse.
– Bedriftene vi jobbar med ser verdien av å knyte til seg lokal ungdom. Det er ei investering i framtidig arbeidskraft, seier Bysheim.
Ho gir arbeidsgivarar to knallgode argument for å tilby tidleg arbeidserfaring:
Det å tilby sommarjobb og deltidsjobb er altså meir enn her og no – det er ei investering i framtida for både bedriftene og samfunnet.
– Du kan tenke at det er ein risiko, men kva er den største risikoen? For mange bedrifter er det å ikkje ha kvalifisert arbeidskraft i framtida. Då må dei sørge for å presentere seg for lokal ungdom. Dei er framtidas arbeidstakarar, understreker Bysheim.
No kan du bli del av ein stor sommarjobbkampanje, Sommarjobb i Vest, som er initiert av NHO Vestland, Vestland Fylkeskommune og NAV Vestland. Det er heilt gratis og enkelt å ta del i kampanjen. Sjå korleis du får din sommarjobb med i kampanjen her:
Fakta om satsinga på Jobbmot kompetansesenter for ungdom og arbeid i Nordhordland: