Næringshagen i Ullensvang

Christel J. Kvamme frå Næringshagen i Ullensvang jobbar med å få fleire til å flytte til Hardanger og Voss.

Arbeidsliv

Jakta på talenta og trivselen

Som mange andre plassar i distriktet, opplever Hardanger og Voss utfordringar med rekruttering. Bedrifter slit med å finne og behalde rett kompetanse, og for dei som faktisk flyttar til regionen, kan det vere krevande å finne seg til rette.

Næringshagen i Ullensvang har teke grep, og dagleg leiar Christel J. Kvamme fortel om eit rekrutteringsprosjekt som har vakse seg langt utover dei lokale bedriftsdørene.

Frå lokalt problem til regional satsing

– Det heile starta med at Ineos, Boliden og Ullensvang kommune kom til oss og sa at rekruttering var vanskeleg. Dei lurte på kva vi kunne gjere med det, fortel Christel.

Det vart starten på eit forprosjekt der dei kartla utfordringane. Kor stort var problemet? Kvifor var det slik? Kva hindra folk i å flytte hit – og kva gjorde at somme reiste igjen? Svaret var tydeleg: bustad og sosial integrasjon var dei største barrierene.

Prosjektet fekk ein ekstra dimensjon då Vestland Fylkeskommune utlyste midlar til berekraftig verdiskaping i 2022. Plutseleg vart prosjektet eit regionalt tiltak.

– Det var ei god moglegheit, men utfordrande. Bedriftene vi jobba med ønskte i utgangspunktet lokale tiltak, så vi måtte finne balansen mellom lokale og regionale løysingar, seier Christel.

Bustadkrisa: Same problem etter 10 år

Det var lite overraskande for prosjektgruppa at bustadmangelen er ei av hovudutfordringane for rekruttering til regionen.

– For om lag ti år sidan hadde vi eit prosjekt som heitte "Flytt til Hardanger", og den gongen var bustad eit stort problem. No, ti år seinare, er det framleis dei same utfordringane vi møter. Det er frustrerande, seier Christel.

Men Næringshagen og bedriftene kan ikkje løyse bustadproblema åleine. Difor har dei fått med seg andre aktørar som Hardangerrådet og Team Hardanger for å arbeide med løysingar.

– Vi ser til dømes på tiltak for meir bustadbygging og korleis vi kan unngå at så mykje av utleigemarknaden går til Airbnb. Det er ei politisk sak, men vi er glade for at fleire aktørar no tek ansvar for ulike område, seier ho.

Rekrutteringsprosjektet i Voss og Hardanger

Prosjektet har arrangert møter der det jobbast med løysingar.

Einsemd og manglande nettverk

Den andre store utfordringa som kom til overflata under forprosjektet, var einsemd.

– Det var kanskje ikkje ordet som vart brukt, men det folk fortalde oss måla eit bilete av at mange sleit med å finne seg til rette. Det tok tid å kome inn i lokalmiljøet, finne vener og kjærleiken, fortel Christel.

Ein interessant observasjon var at dei som var glade i naturen, ofte hadde lettare for å tilpasse seg.

– Dei fann seg raskt ein venegjeng og eit sosialt fellesskap gjennom friluftsliv. Det fortel oss at vi må legge ekstra til rette for dei som ikkje er så naturglade. Vi må skape fleire sosiale møteplassar for å hjelpe folk inn i eit nettverk.

Løysingar: Portalar, nettverk og sosiale tiltak

Løysingane prosjektet jobbar med, er varierte. Eitt av hovudtiltaka er ein nettportal som skal fungere som ein informasjons- og marknadsføringskanal.

– Vi vil at arbeidsgivarane skal kunne bruke portalen som ein marknadsføringsplakat. Men det må vere ein ærleg plakat, ikkje berre rosenraud reklame. Folk skal ikkje kome hit med ei forventning om paradis, og så er det berre vanleg kvardagsliv, seier Christel.

Tyssedal

Du må ikkje like fjord og fjell for å trivast her, men det viser ser at dei som gjer det har ein fordel. Foto: INEOS Tyssedal

Fokus på kompetanse

I tillegg ønskjer dei å auke kompetansen på rekruttering i regionen.

– Arbeidsgivarane er flinke til å ta imot nytilsette, men vi ser at dei treng meir kunnskap om rekruttering generelt. Vi har allereie sett effekt av nettverkssamarbeid mellom bedrifter, der dei utvekslar informasjon om nye tilflyttarar og kan hjelpe partnarar med jobb. Dette har faktisk ført til at fleire har funne arbeid!

Sosiale tiltak er også viktige. Mange kommunar har tilflyttarkveldar, men ofte berre ein gong i året.

– Det er ikkje nok. Vi jobbar med å rigge fleire minglekveldar, der kafear og lokale aktørar kan få tilskot til å arrangere sosiale treff. Slike kveldar er spesielt viktige for dei som ikkje er så frampå, seier Christel.

Felles løft for regionen

Eitt av dei store måla for 2025 er å etablere eit felles sosialt tiltak for heile regionen. I tillegg arbeider prosjektet med betre samarbeid mellom skular og lokalt næringsliv.

– Vi vil inn i skulane tidleg, gjerne allereie i 8.-9. klasse, for å inspirere ungdommen til å bli eller kome tilbake. Vi ser gode døme på korleis ein kan gjere det hos KORT på Osterøy og Nordfjordkompaniet, seier Christel.

Eit anna spennande tiltak er å kartlegge fjernarbeidsplassar i regionen, slik at fleire kan finne gode arbeidsfellesskap.

Ønsker fleire med på laget

Prosjektet varer ut 2025, men Christel understrekar at dette berre er starten.

– Dette blir berre så bra som dei som er med på det. Jo fleire bedrifter som engasjerer seg, jo betre vert det. Vi kan ikkje løyse alt, men vi kan setje i gong prosessar og finne løysingar som varer, avsluttar ho.

Rekrutteringsprosjektet i Voss og Hardanger er ikkje berre ein plan – det er ein invitasjon til heile regionen om å vere med og forme framtida.

Vi gler oss til fortsettinga!

Fleire saker