Fjord1 kollegaer

Nyheiter

Mykje meir enn ferje, svele og kaffi

– Eg trur ikkje folk veit om alle kompetansearbeidsplassane vi har i Fjord1, seier Regine Gausemel, rederiet sin nye HR-rådgivar.

Eit hav av moglegheiter

Fjord1 er mykje meir enn ferjeoverfart, svele og kaffi. Med eit breitt spekter av arbeidsplassar – alt frå ingeniørar og økonomikontrollørar til programmerarar og maritime stillingar – er selskapet stadig på jakt etter ny kompetanse for å møte framtidige utfordringar.

Det fortel Regine Gausemel, som er nytilsett HR-rådgivar i Fjord1 etter å ha jobba som rekrutterar i Randstad i over tre år.

– Fjord1 er ein stor aktør i Vestland, og sjølv om vi er mest kjende for ferjene våre, har vi eit mangfald av stillingar som mange kanskje ikkje er klar over, seier Gausemel.

– Her kan du vere med på å utvikle og prosjektere nye båtar, drive med kompleks IT-utvikling, økonomistyring og mykje meir. Vi har ein stor administrasjon med over 120 tilsette på land, i tillegg til alle som jobbar på sjø, så det er eit ganske stort arbeidsmiljø du kjem inn i. 

Fjord1

Byggjer karriere frå botnen av

Med unntak av Forsvaret, er Fjord1 kanskje Vestlandets største lærebedrift med godt over 100 lærlingar og kadettar ute på fartøy. I administrasjonen har Fjord1 lenge satsa på å tiltrekke seg unge talent gjennom traineestillingar, og i år har dei lyst ut tre nye stillingar der to av dei er gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram.

– Vi satsar spesielt på IKT og berekraft i år, seier Gausemel, som fortel at det er første gong dei lyser ut ei stilling på berekraft i selskapet. – Vi ser at etterspørselen etter denne kompetansen aukar, og med auka krav frå omverda og myndigheitene er det viktig at vi har folk som kan jobbe med berekraft, rapportering og relaterte krav.

Gausemel understrekar kor viktig det er å rekruttere nyutdanna og byggje dei opp innad i selskapet.

– Vi investerer mykje i traineeane våre og har hatt stor suksess med å behalde dei etter traineeperioden. Slik får vi moglegheit til å forme dei etter våre behov og styrke organisasjonen på lang sikt. Vi ser på det som ein god måte å hente inn fersk kompetanse og byggje den vidare, seier ho.

– Fjord1 har eit mangfald av stillingar som mange kanskje ikkje er klar over.

Regine Gausemel

Regine Gausemel, HR-rådgivar i Fjord1.

Skal vise fram Fjord1 på messe

Fjord1 er ei av mange bedrifter som skal delta på den komande karrieremessa Ta Steget i Bergen 18. februar. Gausemel ser på dette som ein viktig arena for å synleggjere bedrifta og få tak i dei rette søkarane.

– Messa er ei perfekt moglegheit til å vise kva vi står for og kva vi kan tilby, seier ho.

– Vi håpar å tiltrekke oss unge, engasjerte medarbeidarar, spesielt til traineestillingane våre, men vi vil også bruke denne arenaen til å promotere Fjord1 som ein attraktiv arbeidsplass generelt. Vi vil vise fram at vi er ein arbeidsplass med mange ulike karrieremoglegheiter der folk kan utvikle seg innan ulike fagfelt.

På messa vil Gausemel ha med seg andre nytilsette medarbeidarar som kan fortelje om sine erfaringar i selskapet.

– Eg har med meg ein frå IT-avdelinga, ein frå teknologi og utvikling, og ein som er trainee i dag. Vi skal saman vise fram Fjord1 som arbeidsplass, og kan fortelje om korleis det er å vere ny her.

Regine Gausemel Fjord1

Det dei unge ser etter: Arbeidsmiljø, utvikling og leiing

Når det gjeld rekruttering av unge arbeidstakarar, er det enkelte faktorar som er spesielt viktige. Gausemel peikar på arbeidsmiljø, gode utviklingsmoglegheiter og god leiing som dei tre viktigaste faktorane. Det stemmer godt med funn frå arbeidslivsundersøkingar.

– For dei unge arbeidstakarane er det viktig å jobbe i eit godt arbeidsmiljø. Vi har eit stort og variert arbeidsfellesskap i Fjord1, og det trur eg er noko som tiltrekkjer mange, seier ho.

– I tillegg er det viktig å ha moglegheit for utvikling. Dette er noko vi jobbar mykje med i Fjord1, både gjennom intern karriereutvikling, stipendordningar og oppfølging av traineear. Vi har rom for utvikling og tilrettelegging for mange ulike fagfelt, avsluttar ho.

Interessert i å jobbe i Fjord1? Møt dei og andre attraktive arbeidsgivarar frå Vestland på karrieremessa Ta Steget 18. februar!

Eg vil melde meg på messe

Fleire saker