SFE

Nyheiter

Nær 1000 ville vite meir om jobb i distriktet

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Photoevent

For å auke besøkstala på karrieremessa i Bergen, måtte Framtidsfylket gjere endringar. Det gav resultat.

Runde bord med kvite dukar, godt i glaset og musikk på scena. Er dette plassen å drive rekruttering til distriktet? Når vi prøvar å få eit par ord med Jannicke Lindvik i Sogn og Fjordane Energi og studenten Jakob Stueland, må vi snakke høgt for å nå gjennom, samt avbryte ein diskusjon om kraftmarknaden.

For første gong arrangerte Framtidsfylket festkveld med arbeidsgivarar og studentar.

Festkveld

Slik såg det ut då nær 250 studentar og arbeidsgivarar frå Vestland mengde seg på festkveld.

Samtalen flyt betre

– Eg synest det er lettare å få til ein god prat med bedriftene med dette konseptet. I kombinasjon med litt show på scena, god mat og aktivitetar, flyt samtalen betre, seier studenten.

Og vi trur han, for mens Framtidsfylket ønsker å snakke om rekruttering, hamnar Jannicke og Jakob stadig i nye diskusjonar om straumprisar og korleis vi kan skape kraftoverskot. Jakob studerer energi ved Universitetet i Bergen og skriv masteroppgåve om kraftanalyse – med andre ord ein aktuell jobbkandidat for SFE.

SFE og student

Jakob Stueland studerer energi og Jannicke Lindvik jobbar i SFE. Ein god match for gode samtalar på festkvelden.

Har invitert studentar til Sandane

– Det er mykje gjensidig læring i å diskutere med studentar. No har eg invitert Jakob frå Karmøy og to medstudentar frå Askvoll på bedriftsbesøk, smiler Jannicke, som meiner ein slik festkveld har fungert bra.

Tidlegare på dagen stod ho på stand i Grieghallen. Der opplevde SFE at studentane stod i kø for å prate med dei.

– Mange studentar oppsøkte oss for å prate jobb. Fornybar energi er i vinden, og eg har inntrykk av at studentane er opne for å flytte på seg for å få jobben dei ønsker. Jobb og fritid er blitt vel så viktig som å flytte «heim» eller nær familien, er hennar klare inntrykk.

For ho var det eit pluss at dei kunne fortsette praten med nokre av studentane på kveldstid.

– Med blant anna to energistudentar til bords, synest eg vi har hatt gode samtalar. Det er ikkje utenkeleg at dette er starten på eit jobbforhold, seier ho.

Nær 1000 besøkande på messa

Dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland, har hatt bratt læringskurve dei siste vekene. Då ho og kollegaene måtte ta grep for å auke besøkstala, flytta dei messa til dagtid og inviterte 250 personar til fest på kvelden. Dei fekk også med seg ein av Bergens største studentorganisasjonar, Springbrettet, som arrangør.

– Vi hadde med oss 77 arbeidsgivarar til Bergen og 850 førehandspåmeldte deltakarar. Nær 1000 var innom messa. Det er ingen tvil om at tiltaka vi gjorde har gitt effekt.

Linda

Har lært litt: Linda Hovland har hatt bratt læringskurve siste dagane med ansvar for to store event på ein dag.

Viktig med rette personane på stand

Ho ønsker å dra fram flinke arbeidsgivarar på stand som ein suksessfaktor:

– Eg synest dei gjer ein kjempejobb på stand. Vi ser at bedriftene sender dei som er gode til å komme i kontakt med folk, og det er utruleg viktig på ei messe! Det er den gode praten som er starten på eit potensielt arbeidsforhold.

Mykje læring og litt feiling

Å arrangere to store event på ein dag er ein enorm logistikkjobb. Framtidsfylket har lært masse av å prøve noko nytt.

– Vi ser at vi må organisere oss endå betre neste år, slik at alle bedriftene får best mogleg utbytte av å delta. Vi tek med oss alle tilbakemeldingane vi har fått og riggar oss for 2026.

Vurderer Sandane

Tilbake til dei to som er opptatt av å analysere kraftmarknaden på ein festkveld. Er det aktuelt for energistudenten Jakob å starte karrieren på Sandane?

– Eg kjende ikkje til SFE før eg møtte dei på messa, men etter å ha prata med dei, er eg veldig open for å snakke jobb. Om eg må starte karrieren på Sandane, så er det heilt greitt, smiler han.

Olivia Husabø

Lokal undehaldning: Olivia Gnananantham Husabø frå Florø stod for delar av underhaldninga.

Fleire saker