Karrieremesse Bergen

Vil auke besøkstala – gjer endringar

Då besøkstala sank, måtte Framtidsfylket ta grep. No endrar vi tidspunkt og inngår samarbeid med stor studentorganisasjon.

Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen «Ta Steget» er det største treffpunktet for arbeidsgivarar i Distrikts-Vestland og arbeidssøkarar. Messa har blitt arrangert i over 15 år, men har slite med dalande besøkstal siste åra.

"Det er utfordrande å nå studentane"

Linda Hovland

Sit litt betre i sofaen

– Det kjem blant anna av etterdønningar etter covid. Folk sit litt betre i sofaen no. Samtidig er det utfordrande å nå studentar i forkant av messa. Dei får enormt med informasjon, og vår marknadskampanje druknar i flyten, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland.

Viktig samarbeid med stor studentorganisasjon

Messa er enormt viktig for arbeidsmarknaden i distriktet. Derfor var det nødvendig å tenke nytt.

– Vi skårar høgt på organiseringa av messa, men det hjelp ikkje når besøkstala går ned. Derfor prøvar vi oss med ei messe på dagtid og inngår samarbeid med ein av Bergen sine største og fremste studentorganisasjonar: Springbrettet.

"Fleire bergensstudentar vil få auga opp for arbeidslivet i regionen!

Lone Springbrettet

Samla 2000 studentar

Springbrettet samla 2000 studentar på sin eigen karrieredag i haust. Dei er opne for nye metodar for å skape bindeledd mellom studentar og næringsliv.

Samarbeidet med Framtidsfylket er vår sjanse til å løfte fram alt det Vestlandet har å tilby, samtidig som vi får bidra med erfaringar frå eigen karrieredag, seier Lone Leira, leiar i Springbrettet.

Sidan 2007 har Springbrettet arrangert Vestlandets største tverrfaglege karrieredag i Grieghallen. No ønsker organisasjonen å ta steget vidare saman med Framtidsfylket.

– Det unike med denne messa er fokuset på arbeidsgivarar i heile Vestland. Det gjer at fleire bergensstudentar får auga opp for arbeidslivet i regionen, seier Lone.

Inviterer medstudentar til å bli kjent med vestlandsbedrifter

Samarbeidet fører til meir direkte kontakt i marknadsføringa.

– Springbrettet har eit kjempestort nettverk og har fått i oppgåve å invitere medstudentar med på messe. Det vil truleg gi knallgode besøkstal, seier ei håpefull Linda Hovland.

Springbrettet

Trengsel: Då Springbrettet arrangerte karrieredag i haust, samla dei 2000 studentar.

Gratis festmiddag til fattige studentar

Nytt av året er også festmiddag på kvelden. Der vil vestlandsbedriftene halde korte pitchar frå scena og bli betre kjent med arbeidssøkarar dei møtte på dagtid.

– Karrierekveldar med gratis middag er populært blant studentar. Vi håpar på fullt hus og at nye arbeidsforhold oppstår denne kvelden.

Påmelding bedriftsstand
Påmelding deltakar

Fleire saker