Kine Vikse Folka

Arbeidsliv

Kampen om kompetansen

Distrikts-Vestland snakkar om hjerneflukt, Bergen snakkar om hjerneflukt og Oslo snakkar om hjerneflukt. Vi er ikkje nok folk. Kva gjer vi då?

Av Kine Vikse, rådgjevar i Framtidsfylket.

I tillegg er det slik at mykje av kompetansen arbeidsgivarar i Vestland treng – den må folk flytte vekk for å få. Då er det ein tankevekkar at av dei som først flyttar vekk, så er det berre 40 % av dei som kjem tilbake.

Dette er eit forholdstal som står seg over tid, og er gjeldande i heile Noreg – både by og bygd.

Samtidig gir det oss eit moglegheitsrom. For det er 60 % som har flytta frå andre plassar – som ikkje skal heim igjen. Korleis kan vi få dei til å velje Vestland?

Hamna tilfeldig i Vestland

Eg er ein av dei som har vald distriktet i Vestland. Heilt tilfeldig. For når du er student og skal ut i jobb, er det ein jungel av arbeidsgivarar og arbeidsstadar der ute. Kven klarar å sette spor?

Byar som vi høyrer mykje om i media, og dermed er på det mentale kartet. Arbeidsgivarar som har mykje pengar til å jobbe med omdømebygging og nesten kastar pengar etter studentane.

– Det er ein jungel av arbeidsgivarar og arbeidsstadar der ute. Kven klarar å sette spor?

Kine Vikse

Kine Vikse, rådgjevar i Framtidsfylket.

Då eg skulle finne ut kvar eg skulle jobbe, sette eg opp eit Finn-søk. Byane Bergen, Stavanger, Haugesund, Oslo og Tromsø. Vestland utanfor Bergen var ikkje på kartet mitt ein gong. Eg var ikkje klar over at det finst eit så variert næringsliv og karrieremoglegheiter i distrikta. 

Traineeprogrammet fungerer!

For 20 år sidan gjekk næringslivet i Sogn og Fjordane saman og stilte spørsmålet: Korleis kan vi få unge nyutdanna til å velje oss?

Eit av svara var traineeprogram. Sidan oppstarten for 20 år sidan har traineeprogrammet gitt 370 nyutdanna moglegheita til å starte karrieren sin i Distrikts-Vestland. Og vi må erkjenne at størstedelen av dei aldri hadde vurdert vestlandslivet og livet i distriktet utan traineeprogrammet.

Traineekampanjen for årets kull hadde 3,2 millionar visningar.

35 traineestillingar fekk over 600 søknadar.

No har vi nok ein gong lyst ut traineestillingar og inviterer nyutdanna frå heile Noreg til å starte karrieren sin i Distrikts-Vestland.

Nokre blir for eit år, men mange blir verande. Av dei som vart ferdig som trainee sommaren 2024, meldte omtrent 90 % at dei blei igjen i Vestland. Det er veldig bra, med tanke på at det var omtrent 50/50 fordeling av folk med og utan tilhøyrsle til Vestland.

Det viktige møtet

Vi har også nok ein gong invitert til karrieremesse i Bergen, og vi strekk oss langt for å lage eit arrangement som studentar og unge jobbsøkande får lyst til å delta på. Det å gjere store endringar på ei tradisjonsrik messe er spennande, men nødvendig om vi skal syne igjen i jungelen.

Det er viktigare enn nokon sinne å møte studentane der dei er, på deira premiss.

Så då er spørsmålet: vil du bidra med å sette di bedrift og karrieremoglegheitene i Distrikts-Vestland på kartet?

Og samtidig gi nyutdanna ein moglegheit til å starta karrieren sin som Vestlending?

Då har vi to konkrete tiltak du kan gjere her og no:

Bli traineebedrift
Bli med på karrieremesse i Bergen

Fleire saker