Digitaliseringsdirektoratet sin sommarcamp, DigdirCamp, tiltrekkjer jobbsøkarar frå heile landet og utlandet.
I Leikanger har Digdir skapt ein unik arena for teknologiinteresserte studentar.
Kvar sommar inviterer dei studentar til DigdirCamp, eit sommarjobbprogram som ikkje berre gir deltakarane verdifull erfaring, men som òg har vist seg å vere ei suksessoppskrift for rekruttering.
I år var det nær 140 studentar som kjempa om åtte sommarjobbstillingar.
– Det er rekord. Vi har aldri før hatt så mange søkarar som i år, fortel ein fornøgd Jørn Stenehjem i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir).
Gjennom sommaren får studentane på DigdirCamp bryne seg på faktiske IT-oppgåver under rettleiing frå erfarne utviklarar. Oppgåvene varierer frå automatisering av tilgjengelegheitskontrollar på offentlege nettsider, til å finne løysingar for å integrere ID-porten med Internet og Things (IoT).
Studentane kjem frå fleire studiestadar, inkludert NTNU i Trondheim og Gjøvik, Oxford Brooks i England, samt universiteta i Bergen, Agder, Tromsø og Sørøst-Noreg. Dei jobbar i grupper og presenterer funna sine undervegs, noko som gir både fagleg utvikling og nyttig teamerfaring. Dette gjer dei betre rusta til å møte arbeidslivet – anten i Digdir eller ein annan stad.
DigdirCamparar i gong med oppgåveløysing.
Stenehjem stadfestar at sommarcampen fungerer som ein effektiv rekrutteringskanal.
– Dei siste åra har vi rekruttert jamt ifrå campen. Både fordi folk har søkt seg til camp og blitt verande, men òg fordi vi har fått kontakt med lokale folk som er potensielle heimflyttarar og jobbsøkarar seinare. På campen får dei teste oss, og vi får teste dei.
Sidan oppstarten av DigdirCamp har fleire studentar gått rett frå sommarjobb til fast stilling. Ein av dei er Kristoffer Svedal, som deltok på DigdirCamp i 2023 og no er tilsett i teamet for kundetenester. Han fekk først kjennskap til Digdir gjennom eit «Heim til jul»-arrangement, vart oppmoda om å søke sommarjobben – og enda opp med fast jobb.
– Det verka som ein veldig flott arbeidsplass med kjekke kollegaer og interessante oppgåver. Eg hadde ikkje lenge att av utdanninga og gav uttrykk for at eg trengte jobb. Planen min var enten å jobbe i Bergen eller i Sogn, og sidan eg vart tilboden jobb hos Digdir, vart det her, fortel han.
I dag jobbar Svedal med API-ar og webgrensesnitt for administrasjon av tilgongar og integrasjonar til ID-porten, Ansattporten og Maskinporten, som er kritiske tenester i det offentlege Noreg. Han er også ein av dei tilsette som er med på å fasilitere sommarcampen for nye studentar – og forhåpentlegvis lokke enda fleire jobbsøkarar til Digdir i framtida.
DigdirCamparar på plass på Leikanger sommaren 2023. Kristoffer Svedal i midten bak.
For Digdir handlar ikkje rekruttering berre om kompetansen, men om å finne dei rette folka.
– Når studentane er under utdanning har dei eit minimum av kompetanse og erfaring, så det handlar vel så mykje om personlegdom, interesser, at ein har lyst å bu og jobbe her, og at vi finn ein god match for begge sider, seier Stenehjem.
Til arbeidsgivarar som vurderer å tilsette sommarvikarar, vil han seie at det er verdt innsatsen. Digdir har funne fleksible løysingar for å sikre god oppfølging av sommarvikarane, mellom anna ved å bruke nytilsette som kanskje ikkje treng ferie midt på sommaren, eller ved å gi bonus til dei som forskyv ferien sin.
– Vi startar òg sommarvikarane tidleg, slik at dei får to-tre veker overlapp med fagansvarlege før dei tek ferie. Ei god onboarding og bevisst oppgåveval er avgjerande for at både studentane og vi som arbeidsgjevar skal få maksimalt utbytte, avsluttar han.
DigdirCamp skal også vere sosialt. Studentane vert innkvarterte saman, og deltek på ulike aktivitetar i nærområdet i løpet av dei åtte vekene dei er på camp.
Vil du styrke rekrutteringa i di verksemd? Kanskje ein sommarjobb kan vere første steget. No kan du delta i ei stor sommarjobbkampanje, Sommarjobb i Vest. Sjå korleis du blir med i kampanjen i lenka under. Det er enkelt og heilt gratis!