Alle som jobbar med rekruttering burde merke av desember i kalendaren. I jula er det lettare å nå potensielle heimflyttarar.
Om du ikkje allereie har tenkt tanken, vil vi tipse deg om å bruke desember godt. Desto synlegare du er denne månaden, desto større sjanse er det for at potensielle jobbkandidatar legg merke til deg når dei er heime i jula. Her kjem nokre konkrete tips til kva du kan gjere:
- Det er no du skal lyse ut ledige stillingar. Sidan mange er heime i jula, aukar det sjansen for at dei får med seg lokale utlysingar.
- Hugs at foreldre, svigerforeldre og besteforeldre garantert er på jobb for deg i jula. Om dei ser ei stilling som kan passe for ein potensiell heimflyttar eller tilflyttar, vil dei tipse.
- Vær ekstra aktiv i sosiale medium og vis fram gode grunnar til å jobbe hos akkurat deg: det trivelege arbeidsmiljøet, spennande prosjekt og jobbmoglegheiter.
- Inviter jobbkandidatar til ein kaffiprat, eit arrangement eller speedintervju. Å møte jobbkandidatar fysisk skapar sterkare relasjonar. Kanskje er ei omvising på arbeidsplassen det dei treng for å bli overtalt til å søke jobb der?
- Oppmod tilsette om å snakke om arbeidsplassen sin til alle dei møter i jula. Hugs at dei er dine beste og mest truverdige ambassadørar for rekruttering.
- Hjelp! Har du ikkje tid før jul? Lys ut stillinga på Framtidsfylket.no! Vi løftar fram stillinga di til alle som er nysgjerrige på ein jobb i Vestland.
Riktig god rekrutteringsjul! ❤️