Ingeniør trainee

Nyheiter

Start karrieren som ingeniørtrainee i Vestland

Vi har breitt utval i ingeniørstillingar til deg som er nyutdanna.

Lyst til å starte karrieren med litt ekstra oppfølging, samtidig som du blir utfordra og opplever rask utvikling? Bli ingeniørtrainee i Vestland! Obs: Søknadsfrist 1. mars.

Kva er ein trainee. Her får du svaret.

I år kan du som har 0-3 års arbeidserfaring velje mellom ulike ingeniørstillingar med oppstart august 2025:

Bli Maskiningeniør i Ineos Tyssedal

Vil du jobbe som maskiningeniør i eit solid og internasjonalt selskap? Som trainiee i Ineos vil du jobbe med alt ifrå overvaking og forbetringsarbeid til vedlikehald, feilsøking og sikkerheits- og risikovurderingar.

Les meir og søk her.

Bli Elektroingeniør i Fjellstrand

Vil du vere med og forme framtida for maritime løysingar? Som trainee hos Fjellstrand kjem du inn i eit miljø der berekraft møter innovasjon, og der ideane dine kan bli til praktiske løysingar.

Les meir og søk her.

Bli maskiningeniør i Fjellstrand

Er du nyutdanna maskiningeniør på jakt etter din første jobb der du verkeleg kan setje spor? I Fjellstrand jobbar me med heile prosessen – frå design av røyrsystem, framdriftssystem og ventilasjon til produksjonsoppfølging og produktmodellering. Hos oss blir du ein nøkkelspelar i arbeidet med å skape berekraftige og innovative løysingar.

Les meir og søk her.

Bli VVS-ingeniør i Tecno VVS

Er du nyutdanna innan VVS-faget? Som trainee i Tecno VVS får du sjansen til å bli ein del av ein bransje i rask utvikling – full av smarte, bærekraftige løysingar som gjer bygg både energieffektive og gode å bu i. Her startar din veg mot å verta ein spesialist innan VVS-faget, i eit miljø der læring, humor og samarbeid står i sentrum.

Les meir og søk her.

Bli Byggingeniør i Ullensvang – Noregs Friluftshovudstad!

Vil du starte karrieren i eit miljø der både kollegaer og omgjevnadene inspirerer? I vakre Ullensvang, der fjord møter fjell og naturen er ein leikeplass utan like, har du no sjansen til å bli trainee som byggingeniør. I denne rolla vil du få vere med å styrke og utvikle byggdrift i kommunen, eit område som treng ditt engasjement og kompetanse.

Les meir og søk her

Bli VA-ingeniør i Ullensvang – Noregs Friluftshovudstad!

Er du klar for å ta første steget i karrieren din som VA-ingeniør? I Ullensvang kommune vil du få ein unik sjanse til å vere med på å utvikle eit fagmiljø i vekst, med store oppgåver og spennande utfordringar.

Les meir og søk her

Bli ingeniør i Brødrene Aa

Som ingeniør i Brødrene Aa er du ein del av eit team som designar og konstruerer driftsoptimale fartøy. Vi ser etter deg som har utdanning som skipsingeniør eller rør/mekanisk ingeniør.

Les meir og søk her.

Bli trainee i automasjon hos Elkem Bremanger

Er du nyutdanna og klar for å ta fatt på spennande utfordringar i ein av Norges leiande industribedrifter? Som trainee hos Elkem Bremanger får du ein unik sjanse til å starte karrieren din i eit globalt selskap som skapar berekraftige løysingar for framtida. Her jobbar du tett med erfarne fagfolk, deltar i spennande prosjekt, og bidrar til å vidareutvikle ein arbeidsplass der teknologi, berekraft og industriell effektivitet møtast.

Les meir og søk her.

Bli Maskiningeniør i Ineos Tyssedal

Utlysing kjem. Følg med!

Sjå alle traineestillingar

Fleire saker