Traineebedrift Nordic Mining

Nordic Mining er ny på lista over traineebedrifter i Framtidsfylket, og mange unge ønsker å jobbe hos dei.

Nyheiter

Nær 800 traineesøknadar til Framtidsfylket

Éin arbeidsgivar fekk desidert flest søkarar, mange vil jobbe for nykommaren Nordic Mining og Hardanger har skjønt det.

Berekraft, teknologi og næringsutvikling var dei traineestillingane som fekk flest søkarar i årets utlysing av Framtidsfylket Vestland sitt traineeprogram. Interessa er stor for dei 30 stillingane som var lyste ut.

– Nyutdanna har sjeldan Leikanger eller Odda på kartet når dei skal ut og søke jobb. Traineeprogrammet vårt skal vere ein augeopnar for at du kan få ein super start på karrieren i distriktet, seier Kine Vikse, rådgjevar i Framtidsfylket.

Kine Vikse

Kine Vikse er rådgjevar i Framtidsfylket og jobbar for å sette Vestland på kartet for jobbsøkarar.

221 vil jobbe i Digitaliseringsdirektoratet

Den som hadde soleklart flest søkarar, var eit direktorat i Sogn. Heile 146 unge personar ønsker å starte karrieren som programmerar og 75 vil jobbe med kommunikasjon i Digitaliseringsdirektoratet!

– Veldig kjekt med høge søkjartal til traineestillingane våre! Og i tillegg er det mange gode kandidatar, seier Marianne Strypet, Seksjonssjef for marknad og tenesteoppfølging i Digdir.

Ho seier det er fleire grunnar til dei høge søkartala:

– Digdir har blitt ein attraktiv arbeidsplass, og med ny, nasjonal digitaliseringsstrategi har vi fått meir merksemd. Vi har stort fokus på arbeidsmiljø og fornøgde tilsette – og dette gir oss gevinst i rekrutteringsarbeidet.

"Digdir har blitt ein attraktiv arbeidsplass"

Marianne Strypet

Nordic Mining er populære i Sunnfjord

Sunnfjord er den regionen som har lyst ut flest stillingar. Gruveselskapet Nordic Mining er for første gong med i programmet, og dei fekk heile 28 søkarar. Men det er to gjengangar på lista som fekk flest søkarar i Sunnfjord:

– Norec har som vanleg svært gode søkartal. I år fekk dei 40 søknadar til éi kommunikasjonsstilling. Fjord Base Gruppen fekk 44 søkarar til berekraftstillinga si.

Nordic mining

28 unge, nyutdanna ønska å starte karrieren hos gruveselskapet Nordic Mining.

Nordfjord med færrast utlyste stillingar

I år var det tre bedrifter i Nordfjord som lyste ut traineestilling: Bano fekk 15 søkarar til ei administrativ stilling, Brødrene Aa fekk tre søkarar til si ingeniørstilling og Coast fekk heile 29 søknadar då dei søkte etter ein nyutdanna som ville jobbe med innkjøp.

– Sjømatbransjen har generelt god interesse blant nyutdanna, medan det er krevjande å få tak i ingeniørar, seier Vikse om variasjonen i søkartala.

INEOS

INEOS Tyssedal i Hardanger lyste ut to traineestillingar i "Friluftshovudstaden Ullensvang"..

Hardanger har skjønt det

Etter fylkessamanslåinga i 2020 utvida det populære traineeprogrammet frå Sogn og Fjordane med Hordaland. Hardanger er den regionen som har vist størst interesse for traineeprogrammet, og i år lyste regionen ut sju stillingar, samt to på Voss.

– Vi har jobba ei stund med å få sørfylket til å sjå fordelane med å tilsette ein trainee, og at det er ein glimrande måte å rekruttere til distriktet på. No ser det ut som at Hardanger har skjønt det, smiler Vikse, som har kontor i Odda.

Ønsker nye innbyggarar velkommen til distriktet

No håpar Framtidsfylket at dei kan ønske ein god gjeng nye innbyggarar velkommen i august.

­– Målet at alle finn ein god kandidat, og at denne personen får ein god start på karrieren i Distrikts-Vestland, seier Vikse.

Det er framleis éi ledig traineestilling ute. Hub for Ocean søker Event- og kommunikasjonskoordinator

Fleire saker