Bedriftstand karrieremesse

Bli med på Vestlandet sitt viktigaste treffpunkt mellom arbeidsgivar og arbeidssøkar. Sikre deg standplass på Framtidsfylket sine karrieremesser.

Påmeldinga for bedrifter til karrieremessa i Grieghallen 18. februar 2025 er open!

Karrieremesse mingling

Ta Steget - Karrieremesse 2025

Bli med på Framtidsfylket karrieremesse i Bergen tysdag 18. februar 2025.

På Framtidsfylket karrieremesse får du som bedrift:

  • Møte hundrevis av besøkande med interesse for arbeidslivet i Vestland
  • Nettverke med bedrifter frå heile Vestland
  • Møte unge på jobbjakt
  • Profilere Vestland som ein attraktiv plass å bu og jobbe 💚

Stad: Grieghallen

Nytt av året er at messa er open for publikum frå kl 10:00 - 14:00 og at ein av Bergens største studentorganisasjonar, Springbrettet, er medarrangør.

Festmiddag kl. 19.00

På festmiddagen får de som bedrift moglegheit til å levere ein bedriftspitch frå scena på fem minutt (avgrensa antal plassar).

Påmelding her.

Hugs eigen rabattkode for medlem i Framtidsfylket. Du får tilsendt denne i ein eigen mail (sjekk søppelpost/spam om du ikkje finn den i innboksen din).

Prisar

Liten stand: Medlem: Kr 15.000,-/ Ikkje medlem: 20.000,- eks mva
Plass til to roll-ups.

Stor stand: Medlem: Kr 20.000,-/ Ikkje medlem: 25.000,- eks mva
Plass til t.d messevegg, skjerm(bestilles separat).

Regionstand: Kontakt linda@framtidsfylket.no for meir info

Festmiddag: 1500,- per pers

Bedriftspitch på festmiddag: 2000,- (avgrensa antal plassar)

Skjerm 49": 4.490,- eks mva

Skjerm 55": 5.150,- eks mva

Påmelding her.

Inkludert i både stor og liten stand får du:

  • Ta del i marknadskampanjen retta mot studentar og unge jobbsøkarar i Bergen og omegn
  • Marknadsføring på høgskular og universitet i Bergen veka før messa (Vi står på fysiske standar)
  • Høve til å delta på festmiddag og levere bedriftspitch frå scena
  • Høve til å delta med ein person på Sommarjobbtorget
  • Lunsj, kaffi/te, vatn
  • Straum, internett, bord, dukar, skåler
  • Seminar med workshop

Gjer som gjengen under, meld på bedrifta di no 💥

  • Statsforvaltaren i Vestland
  • Fjord Base
  • Nor Tekstil
  • Norway's Best
  • Fjord1
  • Highsoft
  • Kommunane i Sogn
  • Enivest
  • Norconsult
  • Westcon Yards
  • Sparebank1 Sogn og Fjordane
  • Deloitte
  • Sogn og Fjordane Energi
  • Sunnfjord Geo Senter
  • PWC
  • Digitaliseringsdirektoratet
  • Norwell
  • Aider
  • Vestlandsforsking
  • Vik Ørsta
  • Coast Seafood
  • Sunnfjordregionen
  • Nordfjordkompaniet
  • Photoevent
  • BKK
  • Linja
  • Hub for ocean
  • Elkem
  • Brødrene Aa
  • Kinn kommune
  • Stad kommune
  • Gloppen kommune
  • Stryn kommune
  • Bremanger kommune
  • Stiftinga Vestlandsforsking
  • Vestland Fylkeskommune
  • Sognekraft AS
  • Solund kommune
  • Lotteri- og Stiftelsestilsynet
  • NOREC
  • ECIT Services
  • Visit Sunnhordaland
  • EY Skye
  • Palfinger Marine
  • Aker Solutions
  • Etne kommune